Om skrivkunst

Dette er ei side om å skrive.

Mange trur at språket, også det skriftlige, berre brukast til kommunikasjon: Når vi har noko vi vil seie brukar vi språket til å formidle noko vi har tenkt ut. Men slik er det ikkje. I arbeidsliv og skule kan vi ikkje tenkje utan eit språk.

Språket er det vi tenkjer med.

Utvikling av språket blir difor viktig for kor gode vi er til å tenkje. Eit dårleg ordforråd, dårleg systematikk, svak bruk av omgrep, dårleg struktur m.m. vil skade innhaldet.

Det vanskeleg å skilje mellom form og innhald til språket. Det er som eit papirark, det har alltid to sider både for den som skriv og den som les; for den som talar og for den som høyrer på. På ei side er det teikn og lydar, men på den andre er det eit tankeunivers.

Ein konsekvens av dette er at eit godt språk vil gi oss alle eit løft i det akademiske arbeidet. Det er den eine eigenskapen der alle kan bli betre.

Språket kan sjølvsagt ikkje erstatte talent, hardt arbeid og kunnskap. Men skal ein utnytte sine talent, lære av sitt arbeid og tileigne seg ny kunnskap må ein ha eit tilstrekkeleg godt akademisk og fagleg språk.

Det akademiske språket er eit særtrekk ved høgare utdanning. Ofte er det her terskelen kjennest høgast for nye studentar. Og ofte er det her mange lærarar synes studentane er litt «grunne». Språket, som verktøy, er for puslete.

I dag er språket under press frå mange hald. Digitale media er truleg den største utfordringa. Internasjonalisering er ei anna. Ny teknologi og internasjonalt perspektiv er ein god ting, men vi treng ei balansert forståing: Skal vi utvikle ny teknologi treng vi gode språkbrukarar. Ny teknologi må ikkje gjere oss dårlegare til å tenkje, då sagar vi over greina vi sit på.

Eg (Anders Ulstein, f. 1964) er høgskulelektor ved HIALS, avdeling for ingeniør og realfag. Ulstein har mastergrad i europeiske studier ved London School og Economics, og dessutan storfag i historie frå Universitetet i Bergen og i norsk frå Distriktshøgskulen i Volda.

Eg underviser på forkurset og Y-vegen for ingeniørstudentar i Kommunikasjon og norsk og Teknologi og samfunn.

Ansvaret for innhaldet på denne bloggen ligg hos meg aleine.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *